Skattanytt

Endeleg kan eg setta døra på gløtt

Då er det klart for ei forsiktig åpning. I går fekk eg godkjent Vipps som betalingsløysing i Skattabue og det meste er på plass. Hyllene er svært tomme endå, men det kjem. Litt etter litt.

Målet er ein liten butikk der du kan kosa deg. Det skal ikkje vera store reklameskilt eller kjøpepress, berre små skattar som kan dra fram nostalgiske følelsar, bilete og ord som kan gjera dagen litt meir glad og fargerik.

Under Skattanytt vil eg halda dykk oppdatert, planar er det flust av og skattane står i kø, så no håpar eg på mange besøkande. Om de så berre er for å nyta ein kopp te, medan du kikkar rundt i hyller og på veggar her inne 🙂

Hjartleg velkommen skal du vera!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *