Velkommen!
Ein skatt. Det kjem ann på auga som ser. Kanskje ein av våre skattar kan bli din skatt. Det dukkar stadig opp ting rundt oss, både ute og inne. Nokon treng me ikkje lenger, nokon har me meir enn nok av og nokon har me eigentleg aldri trengt.
I skattabue vår her på storglede.no, vil det med ujevne mellomrom og heilt plutseleg dukka opp nytt og gamalt som treng ein ny heim.
Fyrste skatt ut er GRATIS 🙂 Rugekalendaren som eg har laga meg. Denne skriv eg ut når eg set i gang ei ny runde med egg i rugemaskina og heng den på kjøkenskapet. Kryssar av for kvar dag som går og gledar meg like stort kvar gong det nærmar seg klekking. For meg ein liten skatt eg gjerne vil dela med deg.
Fysiske skattar må enn så lenge hentast hjå oss heima på Plasset, Herandsvegen 214 i Herand, etter nærmare avtale 🙂
Hjartleg velkomen innom 🙂
-bente-
Våren 2023